mandag, mai 03, 2010

Klokka 13.15.Temperaturen er ca +5 grader og det dalar kvite filler frå himmelen, utan at dei blir liggande på marka.
Det er ikkje fristande å vere ute, så eg har styra på inne; baka brød, støvsuga etc. Og så har vi endelig kome i gang med å henge opp bilda på nytt etter om-møbleringa. Vi er framleis utan salongbord, så noko bilde på bloggen blir det ikkje enno.
Nils har koka ertersuppe til middag, så no skal vi snart kose oss med den og kanskje ta ei skive av det ferske brødet attåt.Vi gamle har det ganske godt!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja det er fint å vere pensjonist i våre dagar. I dag har eg laga fiskekaker av det som var igjen av sei i frysaren. Brukte oppskrifta di. Nydeleg middag.
Eidabesta

Besta sa...

Når du brukar frosen sei til fiskemat, må du tilsette noko ekstra for å få kakene til å henge saman,då? I gamle dagar kjøpte eg noko som heitte Tragant på apoteket og hadde i frosen deig når eg laga fiskekaker. Men det er kanskje ikkje nødvendig?

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...