søndag, mai 02, 2010

Bok nr.23- 2010: Åndenes hus.

No har eg lese denne boka for andre gong. Det er nokre år sidan sist eg las den, og det meste hadde eg gløymt.Men det eg hugsa var den eventyrlige stemninga i boka, blandinga av realisme og fantastiske hendingar. Treng vel ikkje å skrive så mykje meir om boka, reknar med at dei fleste har lese den sjølve. Viss ikkje, så er det berre å gå i gang.Boka er ganske tjukk, men lett å lese.
Det eg lurer på no, er om eg skal sjå filmen eller ikkje. I alle tilfelle er det vel best å vente litt?

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg har sjølvsagt lese boka for minst 35 år sidan. Filmen har eg sett to gongar. Anbefalast!

Elin sa...

Eg og har sett filmen 2 gonger, og ser han gjerne igjen, ein skikkeleg klassikar, heilt vedunderleg!
Det var kanskje i denne filmen smukkasen Antonio Banderas fekk sitt gjennombrot? Og Jeremy Irons og Meryl Streep var fantastiske.
Sjå han straks!

Besta sa...

Ja, eg skal sjå han, men blir som regel skuffa over filmane når eg har lese boka. Eg lagar så fine bilde sjølv...og så er det alltid noko som ikkje stemmer. Boka er jo heilt fantastisk!

Hildegard sa...

Ein av dei beste filmane eg har sett. Har sett filmen eit par gongar, men ikkje lese boka, trur eg.
Eidabesta

Besta sa...

Eg forstår at det er på tide eg ser filmen!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...