lørdag, april 03, 2010

Vermelding 3.april 2010

Klokka er 12.00. Temperaturen er + 10 grader. Det er lettskya med litt sol innimellom.Fint ver for dei som vil vere ute.
Nils har jobba med motorsag i dag og kutta opp grana som dei felte på onsdag, så står kløyvinga att. Motorsaga virka perfekt etter at Harald filte den.
Eg har styrt med diverse husarbeid. Ventar at Margrete og ungane kjem ein tur- har i alle fall mat om dei kjem! Elles er det det vanlige: -klesvask, rydding etc.Dette som aldri tek slutt. Forresten likar eg godt husarbeid, men maktar ikkje å gjere alt eg har lyst til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...