Fikk nesten sjokk då eg såg ut i dag tidleg og registrerte nysnø på markene. PC-en kunne melde om kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Kva gjer ein når bil og hengar står ferdigpakka på tunet?
Nils skifta til vinterdekk på bilen og vi fann ut at vi fekk prøve kor langt vi kom oss. Eg såg føre meg dramatiske scener på isdekka veg og ein tilhengar som slingra frå eine sida av vegen til den andre.
Det var rett nok litt slaps på Stigedalen, men resten av turen gikk som ein daum. Sola varma gjennom bilvinduet, og asfalten var tørr.I Lærdal heldt dei på å sette poteter i vårsola, og då vi kom til Nesbyen sat vi ute og åt nista vår. Rett skal vere rett, det var litt snø på vegen over fjellet og litt snø som fauk rundt- men det var også alt. Vi hadde ein kjempefin tur, sjølv om eg må innrømme at dei siste kilometerane vart litt lange.
Kjekt å kome fram og helse på den nye guten og resten av familien. God mat fekk vi også.
God helg til alle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:14.mars
Klokka er no18.40, temperaturen ute er +2grader C, og PC-en melder snø- Det låg kvitt på markane i dag tidleg, men det meste er smelta. Eg ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
3 kommentarer:
No ventar vi på bilde av besteforeldra og gutane, jfr bildet på bloggen min for 134 år sidan!
Litt overdrive det då!
Tenkte på dykk i går, kjekt de hadde ein fin tur. Eg kjenner meg sjølv igjen når det gjeld å engste seg på førehand, men det vil helst gå bra.
Hels alle ei god helg!
Eidabesta
Legg inn en kommentar