onsdag, mars 31, 2010

Vermelding 31.mars 2010.

Klokka er 12.20.Temperaturen +5-6 grader C. Det er overskya, men opphaldsver.
Audun har overnatta hos oss for at han skulle hjelpe Nils med felling av ei gran. Dei to har arbeidd i lag i skogen før, så det går sikkert bra.Nils hadde lova dama som eig endeleilegheita i rekkehuset å ta ned denne grana - for lenge sidan, men likar å ha hjelp til slikt arbeid.No er dama godt fornøgd over å få vekk treet som skygde for sola.
Seinare i dag skal vi frakte Audun heim att. I mellomtida har eg støvsuga, og no skal eg ta meg av diverse klesvask og matlaging.

I dag fyller eine "tanteungen"min på Eid 45 år. Hugsar godt den dagen ho vart fødd; den tida budde vi på Raudeberg Vi gratulerer så mykje med dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:20.November

  Klokka er no 20.36, temperaturen ute var minus1 grad då eg såg ut no. Det er ikkje kulden som plagar meg,-  men snøen. For det første må e...