tirsdag, mars 30, 2010

Vermelding 30.mars 2010.

Klokka er 13.20, temperaturen + 4 grader C. Det er lettskya med litt sol innimellom. Nydelig ver, men ikkje direkte vårlig.

Vi har vore nedover ein tur og handla. For pengane eg fekk til fødselsdagen kjøpte eg stålbestikk, så no har eg fullt opp av det. Har "samla" i nokre år.
Elles har eg vore på biblio, der eg fann berre ei bok av interesse, og så lånte eg filmen Brick Lane. Då skulle eg ha underhaldning til over påske. Vi ventar Solveig og Audun innover når det lid på. Audun skal overnatte og hjelpe Nils med trefelling.
Dette bildet er frå 30.mars i fjor, som de ser blomstra krokusen i hagen på den tida.

1 kommentar:

solveig sa...

Øystein og Håkon feller tre her i hagen i dag. Vi skal ha kokt lange halv tre. Audun er i kyrkja, veit ikkje kor tid han er ferdig. Det vert fiskekaker når langa er oppeten.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...