tirsdag, mars 23, 2010

Vermelding 23.mars 2010.

Klokka er 14.15 og temperaturen + 6 grader. Det er overskya, skodde og regn. Ikkje yndlingsveret mitt akkurat, men det må vel til. Som de ser av bilda, er det mykje snø som skal tinast.
Sidan Ingeborg fyller 17 år i dag, har eg sjekka dagboka frå 1993. Då fann eg ut at den dagen jenta vart fødd var kveldstemperaturen 0 grader, og det var snø, så det er ikkje noko unormalt med veret for årstida.
I dag har eg vore til frisør, og etterpå var vi på Amfi og kjøpte oss ball(klubb) til middag. Den var ikkje så verst, men den "rabbestappa" ein får ved sidan av, likar eg ikkje. Eg ville heller hatt vanleg (hardkokt) rabbe.For folk som ikkje stø i sunnmørsk er rabbe det samme som kålrabi eller kålrot.
Vi tok ein liten avstikkar på heimvegen, forbi gamle Fonna stadion, og der gikk det fleire hjortar og beitte.Der låg nokre greiner att etter at dei har felt litt skog i samband med lyslinja.Desse dyra har nok hatt ein vanskelig vinter, det har ikkje hendt før at vi har sett hjort heilt ned i byggefeltet.
Nils skal vede i samme området, men der er altfor mykje snø enno.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi gratulerer også!

Hildegard sa...

Ikkje ofte vi kjøper oss middag ute, men vi kjøpte klubb i fjor på den nye kafeen i Coop-butikken i Førde. Kålrabistappen var skuffande der også, lurer på om det er posestappe dei brukar.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har opplevd å få kålrabistappe frå pose til "juletallerken"-det smaka pyton. Det vi fekk i dag var rett og slett mosa kålrabi, det var heller ikkje godt, som sagt.

Besta sa...

Viss de ser ein gut de ikkje kjenner heilt til venstre i bildet på headingen av bloggen, så er det Eivind, yngste sonen til Helga, systra til Øystein. Han er på alder (og storleik) med Håkon. Helga, Per Arnt og Eivind var også i Ørebro på familietreffet sist sommar.

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....