fredag, mars 19, 2010

Vermelding 19.mars 2010.

Klokka er ca 14.00. Temperaturen er + 9 grader C og det regnar litt innimellom.
I dag føler eg at våren er på veg, for snøen smeltar om det ikkje går så fort.

Vi har vore ein tur på Amfi og handla. Eg hadde ikkje vore ute for ei dør sidan sist laurdag, så eg følte trang til å treffe litt folk.Dessutan er det artig å sjå kva nytt som kjem i butikkane til vår og påske,sjølv om ein ikkje skal ha noko.På Glassmagasinet hadde dei for eksempel ein ny Ekelund påskeserie i lysegrønt. Den var fin, men eg har meir enn nok av påskeløperar etc.Påska er tross alt ikkje så lang.

I dag er det bestemor på Hildegard sin fødselsdag. Ho vart fødd i Sarpsborg i det herrens år 1878, men familien flytta til Oslo eit par år seinare, så det var der ho vaks opp.Ho levde til ho var 91 år gammal.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Svein vil gjerne korrigere deg på fødestad for Hilda Marie (f.1878). Ho og systra,Hanna Charlotte Augusta (Lotta, f.1875), er begge fødde i Sarpsborg. Familien flytta til Oslo ca. 1880.
Ja, no fer snøen fort med litt vind og regn. Vi har hatt ein vakker men kald vinter, så det skal bli godt når våren kjem. Trasig med alle snørasa etc.

Besta sa...

Var ikkje sikker på kvar ho var fødd, men tenkte eg fekk ein reaksjon viss det var feil.
Det går ikkje så fort med å få bort snøen, og det er i alle fall ikkje fristande å reise nokon stad så lenge veret er slik.

Dagbok 2021: 23. september

 Klokka er 16.35, temperaturen ute er + 11 grader. Vêret skiftar mellom solstreif og volsomme regnbyger. Det var visstnok snø i fjella i dag...