mandag, februar 15, 2010

Vermelding 15.februar 2010.

Så skein det opp igjen, og  vi har same strålande veret som vi har hatt det meste av vinteren.
Temperaturen no klokka 12.00 er så vidt over 0 grader. Eg har vore ein liten tur rundt Storebakken med spark.Sola er så varm no at snøen smeltar midt i vegen. 
Nils var tur i Nupen før i dag, og no driv han og grev han fram båten igjen.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Godt å kome seg ut - og det ser ut til å vere perfekt sparkeføre. Måndag middag gjekk eg turen bort om kyrkja, opp sima-brekka og bort Lunden mot Alleen. Ny privat veg forbi funkisblokka i Lunden - høveleg trimtur. Sola er komen nesten til oss no, så det var ein fin tur.
Eidabesta

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...