lørdag, februar 27, 2010

Vermelding 27.februar 2010.

Klokka er13.30. Sola skin frå nesten klår himmel og temperaturen er minus 1 grad C.
Margrete og dei tre eldste er på Kulturhuset der dei to eldste skal delta i dansekonkurranse. Erlend ville heller vere her hos oss. Han hadde ikkje med seg hatten sin, så han måtte få låne cowboyhatten vår.
Han har fått seg ei skive med Nugatti, men vi har handla inn rikelig med pizza som vi skal ha når konkurransen er over.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Sikkert kjekt å slappe av i starevegen. Her vart vi bedne på kalkun til Os og avskjed med rekrutten. Både han og strikkemor har sykje, men det er no slikt som går over, likevel kjedeleg når ein endeleg har fri.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...