søndag, januar 31, 2010

Vermelding31.januar 2010

I dag skin sola frå skyfri himmel, og det er heilt fantastisk flott ute.
Temperaturen er minus 11 grader, men kjem nok til å stige når sola får varma opp litt.
Berre nokre få av naboane har vore på taket enno,vi ser det an litt.
Naboen rett over vegen har hatt traktor til å mòke; det er ikkje lett å "gjere av" snøen.
Nils skal ut og finpusse tunet, og etterpå skal han ta altanen, seier han.
Eg mistenker han for å vere lystmòkar. Sjølv skal eg ut ein tur med sparken når det lid på.
No har eg strikka for mykje igjen, så skuldra har slått seg vrang. Og det no når eg var så godt i gang! Må til å dra i taua igjen!

2 kommentarer:

solveig sa...

De har meir snø enn oss! Her hadde vi eit par dagar med vind og regn. Det gjorde at snøen smelta, så mykje forsvann.

Besta sa...

Regn hadde vi også, elles hadde det vore enda meir snø....!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...