lørdag, januar 30, 2010

Tur til Hareid.

I dag var vi til Hareid og feira Håkon sin 16-årsdag litt på etterskot. Det var nesten litt nifst å ta ut i dag, for det snødde tett, bilrutene dogga innvendig, og det var såleis dårleg sikt. Ein slik dag er det bra med tunnelar! Og då vi var gjennom den lange undersjøiske, kom vi opp i eit nytt land, med sol og lite snø.Det var altså Eiksund.Litt meir skya vart det etterkvart, men ikkje noko som likna på veret her Ørsta.
Hos Solveig fekk vi nydelig kjøttsuppe, med påfølgande dessertar og kaffi. Seinare enda eit måltid med brød og kaker.Ja, eg skal ikkje gå i detalj.De kan no lese bloggen hennar også.
Vi var spente på kor mykje snø som hadde kome her mens vi var borte, men det var heldigvis ikkje gale.Nils fekk låne truger på Hareid i fall han må på taka i morgon. Så det er berre å følge med på bloggen.
NB: Når det er så lite snø under kjøkenglasa, er det fodi Nils har kjørt vekk snøen etter kvart.Berre det han mòka i dag tidleg ligg att

2 kommentarer:

solveig sa...

Denne snøvinteren minner meg om gamle dagar. Å moke tak var noko av det kjekkaste vi visste. Eg veit ikkje kor mykje nytte vi gjorde. Men eg hugsar hoppinga frå mønet og støvlane som sat faste.

Bjørg sa...

Vi var ein tur til Volda i snøveret.Det gjekk jo bra. Eg synest no det er nok snø. No begynner vi å merke at dører går tregt i huset. Eg likar det ikkje.

Her også hoppa ungane frå mønet ein gong for mange år sidan.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...