mandag, januar 18, 2010

Vermelding 18.januar 2010



Temperatur klokka 11.15 - minus 1 grad C. Nesten klår himmel.
Klokka 10.45 fekk vi sjå heile sola her frå stova vår, det er første gongen i år.Ho vart verande ca 1/2 time og vi kjende varmen.
Vi har framleis mykje snø i Ørsta, men det merkelige er at det er svært lite snø i fjella.




                                                    


I dag fyller barnebarnet vårt, Håkon, 16 år ,og vi gratulerer han så mykje med dagen. Bildet er frå konfirmasjonsdagen hans i fjor vår.Vi plar ha rikelig med bilde av denne guten, for han har vore ivrig å fiske i lag med morfaren. Men i seinare tid har visst andre interesser dominert? Han er mykje oppteken med sport, særlig fotball.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest eg hugsar ei overskrift "Fekk fiske, men ikkje fisk".....

Besta sa...

Har lite bilde no. Før sende vi meir bilde til kvarandre, no legg vi bilda inn på bloggen. Hadde eg leita på bloggane, hadde eg nok funne eit kvart.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...