onsdag, januar 20, 2010
Pensjonisttreff.
På Velle skule har det i mange år vore tradisjon å invitere pensjonistane til ei hyggestund midt i januar månad.
I kveld hadde vi det årlege treffet. Det er nokre av dei lærarane som enno er yrkesaktive som inviterer, lagar mat og dekker på borda. Vi fekk både smørbrød og kaker, pluss omvising på skulen, som er under stadig oppussing.
Vi hadde det som vanleg veldig kjekt i lag, og som vanleg prata vi om "gamle dagar", men også om nyare hendingar. Vi snakka mest om hyggelige ting og let ev.problem ligge. Fleire av dei gamle kollegaene mine er etter kvart blitt mange og åtti år, men er framleis unge til sinns.
Takk til arrangørane for eit trivelig tiltak, som andre skular burde ta etter!
NB: Bildet har eg rappa frå bloggen til Bjørg. Sjølv hadde eg ikkje med meg fotoapparat.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok ; 6.november 2026
Nedanfor tilbygget har eg diverse klatreplantar , særleg Klematis. Dei har stort sett tatt kvelden no og slutta å blomstre. Berre ein av d...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar