torsdag, desember 31, 2009

Godt nytt år.




Så har vi kome til årets siste kveld.At tida går er noko vi har fått ei sterk påminning om i dag, sidan Rasmus har teke på seg å scanne ein del dias frå "gamle dagar".Det er då ein lurer på kvar alle åra har vorte av.
Elles har vi hatt eit herremåltid av vestlandsk lammeribbe og julepølse - noko som sjeldan er mislykka. Vi har for det meste halde oss inne; Wenche og eg strikkar lester i kor, først leia eg ,men sidan eg koka middag, fór ho forbi med god margin.Gutane leikar og sysselset seg sjølve,men det blir vel ei lita rakettoppskyting når det lid på kveld.Det er om lag 15 kuldegrader ute.
Bildet er frå det første året eg gikk på lærarskulen 1960-61.Det året hadde eg hybel med kott! Huset eg budde i ligg rett nedanfor det gamle gymnaset i Volda.
Ei tid var og ei anna vart-og femti år har gått sidan bildet vart teke.Det er ikkje berre bilda som har tapt seg.
Vi ønsker alle alt godt i det nye året som vi ikkje heilt har bestemt oss for namnet på.
Eg held på 20 -10
GODT NYTT ÅR!

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg ser høgfjellssola på golvet bak deg!

solveig sa...

Godt nytt år! Hels alle!
Lysbilda kom vel i fargar først!? Ein forventar liksom svart-kvitt-bilde frå den tida.

Besta sa...

Det som er trasig med fargebilde og dias frå debnne tida er at fargane taper seg.....dei også.Høgfjellsola var stasjonert på kottet, i likheit med det meste av husgerådet.På sjølve hybelen var ein divan, ein pinnestol,eit bor +kommode og lenestol som eg eigde sjølv.Den brune kjolen eg hadde på meg var eg veldig glad i og brukte mykje.Valde bildet på grunn av symbolikken med den opne døra...........

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...