I dag rundt klokka 12 fekk vi sjå eit sikkert teikn på at vinteren er i kjømda, for no greier ikkje sola heilt å "klive honnje".Men det er berre nokre få minutt at solauget er heilt gøymt bak Melshornet. Då vi først kom til Ørsta, budde vi ved foten av dette fjellet, og der var sola meir og mindre borte nesten halve året. Her vi no bur, er sola borte berre ca 6 veker. Den 18.januar er ho her igjen.Og den tida ho er borte er det oftast overskya.......
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Eit par veker sidan sola reiste for godt her, men ho lyser fint opp i Myklebuståsen. Besten feirar vel farsdag, eller har de gløymt det? Eidabesta
Nei, vi har ikkje gløymt farsdagen, men vi plar "feire" den i lag med fødselsdagen sidan dei to dagane ofte fell meir og mindre saman i tid.I dag driv "far" og egner liner som han skal sette i gryotta i morgon.Og så har det jo vore cupfinale!(Eg låg på sofaen med proppar i øyrene og las bok.)
Legg inn en kommentar