onsdag, oktober 21, 2009

Tre nye bøker frå biblioteket i dag.


Har prøvd å sitte og strikke litt nokre dagar, men så er det somme som aldri lærer å kjenne grensene sine. Resultatet vart våkenatt med verk! Derfor var eg veldig glad då eg fann desse tre heilt nye lydbøkene i dag. Først skal eg lese Vidar Sundstøl si, sidan den er framhald av ei anna bok som eg nyss har lese. Det kjem til å gå fort, sidan den berre er på 4-CD-ar.Dessverre har eg ikkje lukkast å slette bøkene som ligg på MP3-spelaren, og den er full,men CD-spelaren virkar!Sjølv om han har sine nykkar.

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg misunner dykk biblioteket i Ørsta. I morgon er biblioteket i Ulsteinvik ope på kveldstid.

arieldog sa...

Eg har vore innom i Ørsta, er stamkunde i Volda og har i tillegg bibliotek på jobb med verdas mest hjelpsame bibliotekar. Det eg manglar, er nok tid til å lese...

solveig sa...

No har eg lagt til mamma på nytt i blogglista. Irriterande at eg ligg ute med bondepikene i dagesvis. Håper det ordnar seg med oppdatering no.

Hildegard sa...

"Ulykkesfuglen" har eg også lånt, er ikkje byrja på den endå.
Eidabesta

Besta sa...

Har lese alle bøkene til Camilla Læckberg. Dei er lettlesne og underhaldande, men inneheld litt vel mykje "pjatt".No får eg sjå korleis eg likar denne, hittil er det Havfruen eg har likt best.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...