onsdag, september 23, 2009

Aprikosane som forsvann.


I dag måtte eg berre prøve oppskrifta som Margrete la ut på bloggen.Men sidan eg verken hadde eple eller plommer som var gode nok, tok eg ein liten boks hermetiske aprikosar. Eg let dei renne godt av seg og la dei på tørkepapir, før eg danderte dei i mitt vanlege mønster rundt kanten og i midten på kaka. Som de ser blei kaka bra, den, og så får vi håpe at aprikosane har gitt kaka ein god smak. Med krem eller is til, blir det meste godt.
Dei fleste gongane eg lagar kake, er det for å frakte dei med meg. Eg har to små langpanner med plastlok som eg plar bruke, og så har eg også kjøpt ei rund form med lok. Veldig praktisk også når ein skal fryse kakene/-restane.
"Kjekt å ha" med andre ord.

7 kommentarer:

arieldog sa...

Tyven, tyven? Som stal idéen min? Eg hadde faktisk tenkt å skjere opp aprikosane i mindre bitar for å unngå at dei forsvann :)Er spent på om de skal teste resultatet med ein gong, eller om de skal spare kaka til ei spesiell anledning (eg har frisørtime laurdag...)

Besta sa...

Vi reiser til Kongsberg fredag, så vi går glipp av besøk her heime. Vi skal ha med oss kaka til K.Men er eksperimentet vellykka ,kjem eg til å gjenta det, for dette var ei veldig grei oppskrift.For øvrig har eg masse deilig plommesylte som eg har tenkt du skal få, så viss du er i bygda....

Besta sa...

Stod og lurte på om eg skulle prøve med anana......Det blir sikkert også godt. Eg likar så godt slike "Man tager hvad man haver"-oppskrifter.Muligheitene er ubegrensa når det gjeld frukt, bær og krydder når ein har ei god basisoppskrift.

arieldog sa...

Ananas kan bli litt for saftig, tenkte eg, som har vore innom ein del idéar. Blåbær kunne sikkert ha gått bra, og pære. Plommene vart litt sure, men dei fleste her syntest det var godt. Med søt is eller krem til, blir det meste godt. De må unnskylde at eg ikkje er heilt oppdatert på reiseplanane - visste det var i kjømda.

arieldog sa...

Måtte forresten le litt av biletet av han som står og spylar bil i pøsregnet...

Besta sa...

"Ironien" i bildet var tilsikta.Avreisedagen har ikkje vore så fast bestemt før siste dagane. Pappa skal til fastlege-kontroll i morgon.På K. er det haustferie neste veke.

solveig sa...

Eg har nektarinar i hus, kanskje det hadde vore godt som alternativ til eple. Når eg ikkje lagar slike kaker for tida, er det av omsyn til dei som skal ned i BMI.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...