mandag, august 24, 2009

Ny komfyr.

Guten som har budd hos oss i to år, har flytta til Oslo for å studere.Men før han reiste, skaffa han oss ny leigebuar, ei jente denne gongen.Leilegheita vart oppussa for to år sidan,men sidan der ikkje var komfyr, kjøpte vi det no. Som de ser er det ein med vanlege gammaldagse plater, rett og slett fordi det er billegast.Merket er Beha. Vi skal også sette inn nytt dusjkabinett, det som står der no er mykje over 30 år gammalt, så vi får seie det har gjort si plikt.
Eg kan ikkje anna enn tenkje på korleis det var å prøve å skaffe seg ein stad å bu her i Ørsta då vi kom hit i 1965, og kva vi måtte ta til takke med.
Vi får innrømme at det har gått framover med mykje her i landet vårt.
Og takk for det!

6 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar eg var med på "husjakt" på 60-talet. Og eg hugsar første badekarbadet i 1970.

STRIKKEMOR(O) sa...

Vi måtte kjøpe ny vaskemaskin i sommar, og då valde vi også ein billig type. Eg var litt sur, for det var berre fem år sidan vi kjøpte den forrige, og den var bra dyr, så no skal eg sjå kor lenge den billige (men bra merke) varer........

Besta sa...

Eg har den teorien at når ein kjøper dyre kvitevarer etc.betaler ein for mange finesser ein ikkje har bruk for. Vi kjøpte t.d. ei vaskemaskin som kosta 10000 kr og som ikkje var særlig haldbar. Neste gong kjøpte vi ei til 5000 kr og den varer i alle fall enno.

arieldog sa...

Den leilegheita er så koseleg no når den er oppussa! Broren til ho som skal flytte inn jobbar innimellom på sportsbutikken på Amfi, forresten. Kjekk gut!

Besta sa...

Ja, leilegheita er virkelig super, og han som budde der har fare fint med den.Slike tomme leilegheiter er veldig inspirerande, kunne ha lyst å møblere den sjølv.....

Hildegard sa...

Fornuftig komfyr og sikkert meir enn bra nok.
Eidabesta

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...