søndag, juli 12, 2009

Ystad - Wallanders og rosenes by.

Østerleden og jernbanestasjonen.
Smale brulagde gater, med roser oppetter alle husvegger er typisk for Ystad.

Mykje folk i gågata. Mange kjem til byen på grunn av Makells bøker.


Enda eit glimt frå gågata som eigentleg heiter Stora Østergatan



Det eigentlege reisemålet vårt etter at vi for frå Ørebro, var å få sjå byen Ystad og omegn; desse stadane eg har lese om i bøkene om Kurt Wallander.Og verken byen eller landskapet omkring skuffa. Der var berre nydelig.Når vi likevel ikkje gav oss til der for godt, var det fordi vi tenkte på alle heime, og dessutan på den lange heimvegen.
Vi kom til byen på ettermiddagen og gjorde for ein gongs skuld det einaste rette:Gikk inn på turistkontoret og forsynte oss med kart og brosjyrar.
Der er mykje å sjå i denne gamle byen, men på grunn av min noko mangelfulle fysikk, tok vi berre ei runde i gågata før vi skaffa oss husly.
Vi kom køyrande på E4 nordfrå, og kom då rett ned mot jernbanestasjonen; då hadde vi den kjende gata Østerleden rett framfor oss.




4 kommentarer:

solveig sa...

Vi var i Ystad for to år sidan og fekk oppleve både sandstrender og bygater. Landskapet er heilt spesielt. Vi budde i campinghytte. Hausten etter leita Wallander etter mordaren opp på hemsen der ungane låg!

Besta sa...

Og eg som heile tida har trudd at det var hytta i Ørebro! Du veit dei juksar på film.......

solveig sa...

Det var på Ystad Camping. Hyttene hadde ganske høg hems. Eg ville ikkje vore der med for små born. Eg trur det skal spelast inn fleire episodar. Minibanken som var sentrel i ei bok, fann eg aldri att. Kanskje det var ein annan by?

Hildegard sa...

Høyrest ut til å vere ein opplevelsesrik tur. Godt de er vel heime igjen.
Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...