tirsdag, juli 14, 2009

Fødselsdag.


Den 14.juli var mamma sin fødselsdag, derfor tenkjer eg litt ekstra på henne denne dagen, og på fødselsdagane hennar som vi feira på ulikt vis.Særleg hugsar eg i år den gongen vi kom frå Sverige til Eid seint om kvelden den 14., og fekk vite at kronprinsesse Victoria var fødd.Vi hadde håpa at det skulle skje mens vi var i broderlandet.
På mamma sin 64- årsdag vart Margrete døypt i kyrkja på Eid, berre tre veker gammal.
Dagen i dag er også bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus. Vi gratulerer dei! Og i går var det Margunn og Stein sin dag.Det året dei gifta seg, feira vi mamma sin fødselsdag med kakerestar frå bryllaupet.
Sidan det er Frankrikes nasjonaldag, kan vi også tenkje oss tilbake til 1789 og hendingane som fekk så mykje å seie ,ikkje berre for Frankrike, men for store delar av verda.

Bildet av mamma fekk Svein laga hos ein fotograf på Eid.Eg hadde eit gammalt ungdomsbilde som var ille medfere, men sjå korleis det blei!
Synest det er kjekt å sjå korleis folk såg ut mens dei var på sitt beste. Det er lett å hugse dei gamle som - GAMLE.

Ønskjer alle ein god dag!

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar best 85 års-dagen. Elles var det oftast jordbær på hennar dag, hugsar eg.

Besta sa...

Ja, alltid jordbær, sidan det var midt i sesongen.85-årsdagen har vi vist bilde av på bloggen før.Når eg tenkjer på Victoria, er det fordi det har vore ein del om henne i media i det siste.

Elin sa...

Ho skal gifte seg på min 55-årsdag! Ja, ikkje det at eg les Se og Hør altså....
Nydeleg bilete av Amanda, ser at Hilde har trekk frå henne!
Sjølv har eg hatt ein fantastisk fjelltur i dag, kjem innlegg seinare. Gjer godt å bevise at ein klarer litt strabaser etter andre typar strabaser denne sommaren.

Hildegard sa...

Mange koselege bursdagar med Amanda. Mor og far (og Elin?) var ofte med. 70-års dagen vart feira på Singerheimen - 80-årsdagen i Starevegen? Ofte var det du som tok deg av mat og servering ved slike anledningar. Stor takk for det.
Eidabesta

arieldog sa...

Veldig tydeleg at Hilde liknar på farmora, ja!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...