tirsdag, juni 23, 2009

Shopping.

I dag var det rimelig tomt i kjøleskapet, så vi måtte nedover og proviantere.Og så vart det litt anna enn mat også.Eg har lenge ønska meg ein passelig liten kasserolle til kvit saus, graut o.l. , og i dag slo eg til og kjøpte denne. Har samme sorten frå før i mindre format, og den er det ingen ting som brenn i botnen på.Skeia heilt ut og kjøpte steikespade og pensel også, ikkje akkurat billigaste sort nokon av delane.


Så hadde vi eit ærend bort i Rystefeltet på andre sida av fjorden. Derifrå hadde vi kjempefin utsikt heim att. Som de ser held skodda på å lette.
Måtte beundre nabohuset til dei vi "besøkte". Dei hadde laga DEN fine uteplassen+ hagestue med mykje vindu. Dei rosa buskene var nydelige, men eg veit ikkje kva dei heiter. Kunne tenkt meg nokre slike.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ei kjekk panne, skulle ha hatt nokre slike eg og! Eg kjøpte meg ny steikepanne på Sandane i går. Prøvde den til pannekaker i dag, og den var heilt super, men så var den ganske dyr og....

solveig sa...

Eg har slutta å kjøpe billeg kjøkenutstyr. Då må ein berre kjøpe nytt igjen. Eg kjøpte ei Høyang-panne på eit coop-cupp som eg ikkje har blogga om. Den er god til graut, men litt lita til rømmegraut.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...