onsdag, juni 24, 2009

Gratulerer med dagen, Einar!

I dag fyller eldste barnebarnet vårt 22 år, og må vel reknast for vaksen.I arbeidet med å scanne gamle album har eg funne utruleg mange bilde av guten som i nærmare tre år fekk råde grunnen åleine både som barn, barnebarn og tantebarn.No har eg ikkje tenkt å legge inn livshistoria hans her, og bilda eg har teke med, nokså tilfeldig, er alle frå 1995, meiner eg.
Dette bildet har eg teke med for å vise Einar i fotballpositur. Interessa hans for denne sporten, trur eg nesten var medfødt.Og han var ikkje gamle karen før han hadde funne favorittlaget sitt, som han framleis held på. Det er sjølvsagt Tottenham Hotspur. Før E begynte på skulen, hadde han teikna heile laget og skrive namn på alle spelarane.Han har sjølv spela fotball i alle år, men i det siste har det blitt meir skriving enn speling, trur eg. De kan finne reportasjane hans mellom anna på VG-nett.

Dette bildet fall eg for av heilt egoistiske grunnar. Som bestemor til etter kvart ti barnebarn, har eg strikka nokre genserar!No når eg ikkje lenger får strikka så mykje, er det kjekt å sjå tilbake på fordoms verk. Her står han i lag med broren,Keeperen, som deler fotballinteressa med storebror.
Gratulerer så mykje med dagen, Einar.


4 kommentarer:

Hildegard sa...

Mange bursdagar på nordsida av grensa sidan sist eg var inne på bloggen. Gratulerer alle saman!
Eidabesta

EOT sa...

Sjeldan eg er innom desse bloggane, men hadde ei kjensle av at eg måtte sjekke ut i høve bursdagen. Takk for helsinga og takk for gåva. EOT

PS. artige bilde.

Besta sa...

Eg tenkte ikkje på at du ikkje er blogglesar, elles hadde eg sendt deg melding på mobilen. Eg er forsiktig med å legge ut bilde av folk, men rekna med at når bilda var såpass gamle, vart du ikkje attkjend av uvedkomande.

Anonym sa...

Gamle bilde er veldig artig det!

eot

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...