onsdag, juni 10, 2009

Briller og shopping.

I dag har vi hatt ein skikkelig rekar-dag. Eg skulle til syns-test kl.11, og det tok si tid. Augene vart grundig undersøkte, og det viste seg at eg måtte ha nye briller. Ikkje så rart, for eg har ikkje vore til optikar sidan 2001.Og sidan eg fekk solbriller med styrke for berre 250 kr i tillegg,sa eg ja til det tilbodet. Dermed vart det to innfatningar å bestemme seg for.
Då vi var på pinsetur hadde Nils sett eit sagbruk fram i Åmdalen der dei hadde mykje hún liggande. Derfor hadde han lyst fram dit å høyre om der var noko å få kjøpt. Det var der, så no skal han fram med båtvogna og hente seg eit lass.
Vi tok turen over Krøvelseidet til Volda og til Møre Konfeksjon der eg kjøpte meg ei sommarbukse og to T-skjorter.Så såg vi på klokka, og fann ut at Kina-resatauranten var open, så då vart det kafébesøk også.
Eg vil seie at det vart ein kjekk føremiddag for pensjonistane.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Jammen fekk de gjort mykje på ein dag. Er brillene med farga glas lesebriller eller...? Eg kjøpte meg polaroid solbriller som eg festar på dei progressive brillene mine - det kosta 350,-.

Besta sa...

Brillene med farga glas har samme progressive glas som dei vanlege, berre farga. Eg synest det var eit godt tilbod, for glasa mine er dyre. Eg har ulikt syn på augene, skeive hornhinner og skjeglar, så det med solbriller har vore eit problem. Hadde også slike som du nemner men det var på dei brillene eg hadde før dei eg har no.Og då eg fekk nye briller for 8 år sidan, passa dei ikkje.Eg har brukt å gå med vanlege solbriller utanpå dei andre brillene.Ikkje særleg praktisk, så no gler eg meg til nyebrillene.Tok litt meir fancy innfatning på solbrillene enn dei hine, fekk velje fritt.

Hildegard sa...

Innfatninga kom vel i tillegg?
Eg spurde på pris hjå min optikar og då ville det koste minst 3.000 inkl innfatning.
Eidabesta

Besta sa...

Eg betaler fullt opp for det første briilleparet.Og 250 kr i tillegg for å få solbrillene på kjøpet. Det er eit tilbod som ein ikkje kan seie nei til!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...