tirsdag, juni 09, 2009

Barnebiblar.


Det har vore ein del skriving om bibeltekstar i det siste.Då kom eg til å tenkje på den gamle Barnebibelen til bror min.Han kjøpte den for sine eigne pengar ein gong i barndommen, men då han seinare kom i akutt pengekrise, selde han den til meg.Prisen kan eg ikkje hugse, men no vil eg gjerne "selje" den tilbake til ein billig penge(gratis). Bibelen er på bokmål og trykt i Oslo i 1949. Den inneheld fine gammaldagse bilde. Om eg skulle gløyme det, så minn meg!!
Den andre barnebibelen er frå 1987, den har eg kjøpt sjølv og den er på nynorsk.
Fordelen med barnebiblar viss ein vil lese/ fortelje til barn er at bøkene er oppdelt i forteljingar i staden for kapittel og vers. Dessutan er ikkje alt teke med, berre det som høver for born, stort sett.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi er begge imponerte over kva du hugsar frå gamle dagar. Vi får prate meir om dette når vi treffast igjen.
Eidabesta

Besta sa...

Eg er vel komen i ein alder då eg hugsar barndommen betre enn gårsdagen?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...