lørdag, mai 09, 2009

Konfirmasjon på Hareid.


I dag var det det Håkon sin tur å vere midt-punktet.
Først var det sjølve konfirmasjonen i Hareid kyrkje, etterpå selskap i heimen, men mykje god mat, talar og prat. Det blir vel fleire innlegg og bilde frå feiringa, men sidan det var så mange fotografar, tok ikkje eg så mange bilde. Dette tok eg med det same vi kom ut på kyrkjebakken, av konfirmanten og morfaren.Vi vil takke for ein fin og koselig dag med storfamilien, alltid kjekt å treffast.Konfirmanten var godt nøgd med dagen, og det er det aller viktigaste.

5 kommentarer:

Bjørg sa...

Ein flott konfirmant!
Og morfaren er ikkje verst han heller!

Bjørg sa...

Men den store båten, ligg han i Ørsta?

Elin sa...

Til lukke med nok ein konfirmant!

Besta sa...

Til Bjørg: Då vi var på veg til Hareid, hadde vi veldig god tid.Så då vi såg den store båten ved kaia i Ørsta, måtte vi svippe nedom. Ikkje ofte vi ser så store skip her inne i fjorden.

Hildegard sa...

Gratulerer med vel overstått konfirmasjon!
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...