onsdag, mai 06, 2009

Bok nr.31. Jeg skal vise dere frykten.

Då eg hadde lese ferdig den førre boka,hadde eg i grunnen behov for ein pause til å fordøye den skikkelig.Men så er det slik at eg berre MÅ ha noko på øyret, så dermed tok eg den siste av bibliotekbøkene og begynte å lese utan særleg stor forventningar.Men så oppdagar eg fort at dette ER noko,og boka innfrir.
Dette er ein roman,men på samme tid ein biografi om Edgar Alan Poe,den amerikanske forfattaren.No kan eg ikkje seie at eg har særleg kjennskap til denne diktaren, det einaste eg hugsar å ha lese er diktet The Raven som vi la opp som pensum på gymnas og som eg framleis hugsar strofer av.
Kva som er sant eller ikkje i denne romanen er vanskelig for meg å seie,og det er heller ikkje så viktig.De kan lese meir om boka på omslaget og på nettet.Eg kan berre seie at eg tykte den var svært lesverdig, men kanskje ikkje like interessant for alle? Av og til, særleg på slutten såg eg likskapar med SULT som er ei av favorittbøkene mine, men eg kom også til å tenkje på Per Gynt, av ein eller annan grunn.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Denne boka likte eg òg veldig godt!

Besta sa...

Denne boka skulle eg gjerne ha lese i papirutgåve, slik at det vart lettare å ta tenkepausar undervegs. Føler av og til at lydbøker innbyr til overflatisk lesing-og ikkje til filosofering.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...