onsdag, april 29, 2009

Skinniaen blomstrar og Nils fiskar.


Eg lova å komme att med bilde av buska mi når ho blomstra, og det gjer ho no. Ho er nesten kvit av bittesmå blomster som luktar godt.Det synest visst humlene også, for det summar kraftig inne mellom greinene. Får håpe dei tek ein avstikkar ned i plommetrea også.

Nils var oppe grytidleg i dag for å fiske. Det vart ein del sei og lyr, men ikkje så mykje som sist. Han fiskar med snøre frå den store snella på ripa.Men no tek det til å bli nok sei, så han må vel snart ut med linene og prøve å få litt lange.Garn har han jo også, så muligheitene er mange.
Vi har jo eit utrulig fint ver for tida, men det varer vel ikkje evig?





1 kommentar:

solveig sa...

Her har vi sommarkjensle. Alt er tidleg, no ønskjer eg berre litt mildt regn om nettene innimellom. Håkon slo plenen i dag.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...