onsdag, april 29, 2009

Bok nr. 29:Rom ved havet, rom i byen.


Eg må berre inn-rømme det:
Eg har problem med novellar!
Og det må vere ein veldig vanskelig sjanger for dei som skriv.Ein har liksom så kort tid og så få ord for å få fortalt historia.
Eit anna problem, når ein les novellar på lydbok, er at historiene kjem ramlande som erter or ein sekk, utan pause mellom.Det burde ein sjølvsagt syte for sjølve - å få pause mellom historiene og tenkje gjennom dei.
Denne boka las eg ferdig gjennom ei sømnlaus natt, det er også ein grunn til at eg ikkje heilt stoler på mi eiga vurdering.
Grytten skriv godt, ingen tvil om det,men berre nokre få av historiene gjorde inntrykk. Det vart liksom for mykje av det samme, og i tillegg ganske depressivt.Les kritikkar på nettet om de er interesserte i boka.
Les t.d. her

2 kommentarer:

Elin sa...

Fint bilete du har på bloggen! Noveller høver vel best i små dosar i slengen. Har du lese Havets katedral, som eg held på med? Den høver godt som søvnlauslektyre, trur eg. Ha ein fin 1. mai!

Besta sa...

Havets katedral har eg lese for lenge sidan. Men eg var ikkje så begeistra. Bakgrunnsstoffet var interessant og lærerikt, men personane vart liksom berre statistar i hendinga.(Eg har sikkert blogga den.) Har vurdert å lese den om att, sidan dei fleste ser ut til å vere meir begeistra enn eg. Eg likar godt å lese bøker fleire gonger, får meir ut av dei på den måten.God helg til deg og dine.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...