mandag, april 20, 2009

Sei-fangst.





I dag tidleg for Nils ut for å fiske, lenge før eg tenkte på å vakne. Han fiska med snøre og fekk bra fangst med sei i ymse storleikar. Sjølv er eg veldig glag i fersk småsei, så det blir middagen i dag.
Så skal Nils skjere filear av resten.Til det arbeidet brukar han gjerne ein stor samekniv som Rasmus kjøpte den tida han jobba i Honningsvåg, det er verdens beste kniv, seier han.Og brukande til det meste.
Fiskaren har yndlingshua si på seg; den har eg strikka i dobbel Alpakka.Mjuk og god!

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Herleg med fersk fisk, ser fram til at besten får roen og tid til å fiske igjen. Fekk ikkje kjøpt fisk i Kalvåg i påska på grunn av helg, så no går det i Lerøy frossen torsk og sei - som også er godt - spesielt viss ein lagar fiskegryte.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, vi er glade i fisk, men no fiskar han også for å ha noko å ta med til Kongsberg når det lid ut i mai ein gong.Vi steilar når vi ser prisen på fisk i butikken,og ikkje ser han god ut heller.Då er det betre å kjøpe frosenfisk, som eg pakka ombord i båtane.

Gjengen framma dala sa...

Hei Olaug.
Kor kjekt det var å sjå bloggen din! Det er ei stund sidan sist. Kanskje rundt 20 år sidan? På Velle skule:-) Reknar med du hugsar igjen den umoglege klassa vår, he he.
Kjekt å møtast igjen på nettet!!

ps. Kjempegodt med sprøsteikt fersk småsei. Nils er jammen sprek som rodde til kai igjen. Det ha ikkje vore eg!!Men han er vel ikkje skremd av motorhavari, og går vel snart ut igjen med båten:-)
God tur og skitt fiske!!

Klem frå Asbjørg Mo

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...