fredag, april 17, 2009

Bok nr. 26: Lille Tre

Denne boka har Margrete skrive om før, så eg vil oppmode om at de les innlegget hennar.
Ein kan seie mykje om denne boka. At ho er romantisk,særleg naturromantisk, sentimental, banal osb. Men ein kan ikkje unngå å bli gripen av historia om Lille Tre og besteforeldra hans.At boka siktar mot eit yngre publikum er tydelig, men som M. påpeikar, vil vaksne få meir ut av den. Eg skulle nesten ønske at forteljinga var sjølvbiografisk,men uansett er det ei fin historie om kjærleik og vennskap.Og den bestefaren var litt av ein pedagog! Den engelske tittelen er betre enn den norske.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Eg rekna nesten med at den var sjølvbiografisk - det er noko med skrivemåten som innbyr til å forstå teksten slik - så overraskinga var svært stor då eg las om forfattaren. Det gjorde noko med leseopplevinga mi, i alle fall.

Besta sa...

Ja, det var nesten som om det vart lureri-men eg hadde jo lese det du hadde skrive før.Noko anna som eg lurte litt på var kor gammal "forteljaren" var.
Det var noko ved boka som gjorde den litt kunstig og uforløyst. Men så var den søt også, då.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...