onsdag, mars 25, 2009

Det var ein gong.......


Ser at Gamla har lagt inn bilde av seg sjølv som 16-åring, og då må sjølvsagt mor hennar bevise at ho også var ung ein gong. Bildet av meg som grønruss er teke hos fotograf og handkolorert.Dess-verre vart ikkje scanninga heilt vellykka fordi det ikkje var råd å ta bildet ut av ramma utan å øydelegge den.Bestefar Eivind Os har laga ramma, og den er solid og god. Som de ser har eg sjøstjerner i øyrene, men då besta i Innvik såg at eg hadde øyrepynt, sa ho strengt: "Du må få av deg ditta du har i øyrene, det er berre tater-dregsene som brukar slikt!"

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Du var ei vaksa og vakker
16-åring, mørke krøllar og mørke auge - litt ikkje rart bestemora trekte samanlikningar!
Eidabesta

Elin sa...

Eg trudde det var Liz Taylor med det same! Vakkert bilete!

Besta sa...

De kjenner vel til uttrykket:"Før ønska vi at vi såg ut som Liz taylor, NO gjer vi det". Men eg var faktisk ganske mørk, og såg nok litt utanlandsk ut. I alle fall vart eg fleire gonger tatt for å vere"flyktning".Fekk spørsmål om eg likte meg i Norge og kommentarar om at eg snakka godt norsk.Folk var vel jamnt over lysare her i landet på den tida.

arieldog sa...

Men ærleg talt, er det berre eg som synest blikket er verre enn øyredobbane? Fint bilete!

Besta sa...

Blikket er skikkelig skummelt.Det var det første som slo meg då eg fann dette bildet, mens eg leita etter eit anna. Det må komme av at eg aldri har likt å bli tatt bilde av....................

Besta sa...

NB! Bildet vart ekstra mørkt og skummelt sidan eg måtte scanne det med glaset på.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...