lørdag, januar 17, 2009

Vadvottar 3

No har fiskaren endelig fått seg vottar som han er fornøgd med. Eg har strikka dei, og han har tova dei med hand.Som de ser er dei grøne. Altfor seint kom eg på at venstrevotten skulle ha vore raud, slik at dei kunne vere til hjelp om han kom i tvil om styrbord og babord.Men det hadde neppe vore til særleg hjelp for HAN?

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med ferdig prosjekt!
Eidabesta

Elin sa...

"Men fjernkontrollen min får du aldri!" Fine vottar, morosamt bilde.

solveig sa...

Kven det var som trengde hjelp til styrbord og babord?

Besta sa...

Pappa? Men det var berre ein hypotese.
Men kven er det som ikkje ser skilnad på raudt og grønt?

solveig sa...

Klarte ikkje å halde meg.... Mi venninne K som er matematikar slit med høgre/venstre..........

STRIKKEMOR(O) sa...

Husbonden/fiskaren ser veldig tilfreds ut, ja!!

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...