Dette bilde er teke på altanen i 2.etasje på det gamle apotek-bygget, men utsikt til Almenningen.Trur det må vere frå tida rett etter krigen. Onkel Per var i alle fall apotekar på den tida, og dei budde i leilegheita som følgde med. Frå venstre ser vi Svein, meg, Ellen-Marie og John-Per. Sistnemnde har forresten fødselsdag i dag, og fyller 66 år. Vi gratulerer med dagen!
Koseleg bilde, Besten ser alltid så snill ut på barnefoto av han. Eg var ikkje klar over JP sin bursdag, skal sende han eit gratulasjonskort. Eidabesta
Besten var veldig beskjeden og stille ute blant folk.Du kan tru han var fin då han var heilt liten, med lange lyse krøllar. Eg kan så vidt hugse at eg prøvde å knyte sløyfe i håret hans.
Den einaste ingen av barna/barnebarna liknar på er meg. Det kan dei for så vidt vere glade for. Svein ser litt betutta ut på dette bildet, han var nok blyg!
4 kommentarer:
Koseleg bilde, Besten ser alltid så snill ut på barnefoto av han. Eg var ikkje klar over JP sin bursdag, skal sende han eit gratulasjonskort.
Eidabesta
Besten var veldig beskjeden og stille ute blant folk.Du kan tru han var fin då han var heilt liten, med lange lyse krøllar. Eg kan så vidt hugse at eg prøvde å knyte sløyfe i håret hans.
Ser kven Solveig og nokre av barnebarna liknar på, Svein altså...Trur eg har sett dette bildet før. Koseleg.
Den einaste ingen av barna/barnebarna liknar på er meg. Det kan dei for så vidt vere glade for. Svein ser litt betutta ut på dette bildet, han var nok blyg!
Legg inn en kommentar