Dette er bok nr.9 om inspektør Erik Winter. Men kvar vart det av den unge, litt snobbete dandyen som shoppa i London og lytta til jazz? Når eg her møter att W. etter 15 år, er han ein halvsur og halvgammal mann med kone og to barn som han nesten ikkje har tid til. Sjølve historia er bygd opp av puslespel-bitar som til slutt skal danne eit heilt bilde.Men funkar det? Neppe. Boka blir langdryg og tildels ganske kjedelig. Eg likar langsomme bøker, men det er ei grense.
No lurer eg likevel på kva som har skjedd i dei 7 bøkene som ligg mellom dei to eg har lese.................
Under lesinga begynte det å demre for meg at det har gått ein svensk serie på TV som heitte Winter som eg ikkje gad å sjå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Eg har ikkje lese desse bøkene. Winter er eit kjendt namn, men det demrar ikkje noko for meg, foreløbig. Har du også begynt å telje ja, velkomen i klubben!
Eg har sett serien, men hugsar lite, må eg innrømme. Altfor mange like seriar.
Den telje-trenden var det visst eg som starta... Eg tel det meste - det siste er klesvaskar...
Eg er ikkje så oppteken av å telje verken det eine eller det andre. Bøkene tel og bloggar eg for å hugse kva bøker eg har lese og ikkje kjem heim att med slike eg har lese før.Skritt-teljarar hatar eg som pesten, sikkert ikkje så vanskelig å forstå?
Legg inn en kommentar