søndag, oktober 05, 2008

Frost og snø.

Fredag var eg i Volda, og sidan eg hadde strikka opp nesten alt Regia-garnet mitt, gikk eg inn på favorittbutikken til Strikkemor(o) for å sjå på utvalet av strømpegarn. Dei hadde valt å satse på EIN sort, nemleg det nye,tynne garnet til Gjestal: FROST. Eg kjøpte tre ulike fargekombinasjonar og såg fram til å strikke sokkar til liten og stor.Garnet var tynnare enn Regia, men eg la opp same masketal som vanleg- ein kvan passar det alltid til-og begynte å strikke. Men kva var det? Jo, det var skuldra igjen!!!No var ho berre vond og nekta å samarbeide. På med gele-salve, ulltrøye og genser! Det er sikkert gikt-relatert,og snøen ligg langt ned i fjella. Det vart ein brå slutt både på sommar og strikking! Ganske irriterande no når eg var så godt i gang med julelageret.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Så synd at skuldra di streika! Håper det kjem seg igjen, slik at du får strikka ferdig lestene. Garnet ser så kjempefint ut. Eg har ikkje prøvd det, så no vart eg freista, veit du! Men etter at eg rydda på hobbyrommet mitt no, ser eg at eg har altfor mykje garn. Blir litt stressa av å sjå på det, men Strikkefar meiner at viss eg kvittar meg med det, kjem eg berre til å kjøpe endå meir, så vi får sjå.....H :-)

Besta sa...

Eg synest det er kjekt å strikke "reste-leste"-men synest det er dumt at der ikkje er så mykje ensfarga strømpegarn. Det hadde vore greitt å kombinere med fleirfarga restegarn.Elles så er dei lestane eg strikka av garnet eg fekk med deg dei beste og varmaste eg har. Trur det var Opal, men det har dei visst ikkje her.

Hildegard sa...

Eg har også fått meg tråd, men har ikkje fått lagt opp endå. Det har vore hektisk heile helga med veteranbesøk frå Asker og ferie for veslejenta som elskar at det skjer noko heile tida.
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...