lørdag, oktober 04, 2008

Favorittar.

I dag las eg ut denne boka, mens eg strikka på ein av dei tallause lestene mine.Eg har skrive om denne forfattaren før, og etter denne boka vil eg anbefale han enda varmare . Her er det ikkje fart og spenning som er i fokus, men dei menneskelige tragediane som fører til brotsverk, og som igjen fører til nye tragediar.Det er ikkje berre eg som er hekta på islandsk krim for tida, det får eg høyre når eg er på biblioteket.
Berre fem av bøkene til A I er omsette til norsk, og hadde eg hatt høve til det, ville eg lese dei i "rette" rekkefølgja, som er:
1. Myren
2. Gravstille
3. Røsten
4. Vannet
5. Vinterbyen

2 kommentarer:

solveig sa...

Akkurat no har eg liggande nokre bøker på vent, ikkje krim. Men etterpå....

arieldog sa...

Same her. Mange på vent, mykje lesing i jobben og mange, mange på lista over bøker eg har lyst til å lese. Og opptil fleire på lista over bestilte bøker frå Amazon...

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...