tirsdag, september 23, 2008

Nei, så tjukk du har blitt........


Frå Charlotten-berg gikk ferda mot Kongsvinger og derifrå til Elverum, mot Hamar. Då vi nærma oss Mjøsbrua, fekk vi kaffi og kake-abstinenes. Vi kan vel ikkje nekte for at det har blitt litt for mykje både av det eine og det andre i Kongsberg. Laurdag var vi på kafe GLOBUS på Storsenteret i Kongsberg og søndag kom foreldra til W. på besøk og hadde med seg eplekake. Altså fann vi oss ei veikro. Nils bestemte sg for Napoleon-eg tok marsipan! Så sat vi der og kosa oss-heilt eg oppdaga at Norges Dansebandkonge sat ved bordet rett i åsynet mitt. Det var som om eg hørte favorittlåten...........P.S: Eg trur han åt salat ! Kona var i alle fall veldig tynn!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Alt de har opplevd - danseband er noko både Besten og eg likar å høyre/sjå på, men det blir mindre med dansinga. Jenny har vore favoritten til Besten, men trur det har dabba litt av. Eidabesta

Besta sa...

Danseband er ikkje MIN favoritt- i alle fall ikkje utan dansing. Og her er det svært smått med denslags.

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...