I går kom Harald og hjelpte Nils med å få båten på sjøen.
Seinare kom dei att med rikelige mengder fin småsei. Dessverre hadde eg alt kyllingmiddagen klar. Så vi strødde salt i buken på nokre av seiane og dei har vi nettopp sett til livs.Kjempegodt. Og sidan eg laga risengryns-melkesuppe med rosiner til"dessert" følte Nils seg nesten som heime i Solund.
Det vart tidleg middag i dag, så no tek vi middagskvilda på altanen. I morgon får vi fire unge overnattingsgjestar frå Bjørnaset. Det gler vi oss til.
Ønsker alle blogglesarane GOD HELG:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Fin båt og fin bil. Kjekt at det vart fisk, trudde forresten at han hadde hatt ut båten tidlegare, meiner han var på storfiske for ikkje så lenge sidan? Vi har vore på båttur, men har ikkje fiska endå. No byrjar "dorge-sesongen", så det blir vel litt fisk etter kvart. Eidabesta
Han hadde ute båten på ein dagstur for ei tid sidan. Han betaler årsavgift for å kunne ha båten uti og opp att på Rjåneset, men no ligg han i hamn på Digerneset, der vi har hatt han før.Det er ei privat hamn på ein gard.
Blomstrane frå bestemor sin hage trur eg heiter storkonvall, men er ikkje sikker. Valmuar og gule liljer frå Hildegard har vi her, så det kan de få viss de har interesse av det.
Legg inn en kommentar