søndag, mai 25, 2008

Ein laurdag med dans og song!


I går var det litt av ein dag.Det var Vårshow på danseskulen der tre av barnebarna var med, og ikkje lenge etter at vi var heime, braka det laus med Grand Prix.Kongebryllaupet tidlegare på dag hoppa eg over-DÅ var eg ute i sola.Det får greie seg med eitt bryllaup pr. prins!

Showet på danseskulen var nydelig og vakkert på alle måtar. Det er mellom 300-400 born som er med, mest jenter, men etter dei begynte med hip-hopgruppe er der også ein del gutar. Borna er i alle storleikar og fasongar, og ikkje alle er LIKE flinke. Men alle får vere med og ingen blir særskilt fokusert på;det synest eg er fint på dette stadiet i opplæringa.Det var tre avdelingar med pause mellom:Klassisk, jazzballett og contemporary.

Alt var kjekt, men den mellomste avdelinga var kanskje den mest underhaldane. Eg likte best det nummeret der ein flokk jenter på Amanda sin storleik dansa til Cheek to cheek. Og brått kom det ein flokk med godt vaksne Frank Sinatra-kopiar i dress og kvite skjorter inn frå høgre og dansa med småjentene.Det var sjølvsagt fedrene deira! Tøft gjort!
Amanda dansa både i klassisk-gruppa og i gruppa for jazzballett. Ingeborg dansa jazz og contemporary, men Eirik heldt seg til hip-hop.
Om Grand Prix vil eg ikkje seie så mykje. MIN favoritt, Belgia, var ikkje med i finalen. Ein eller annan engelskmann(Var det Kipling?) sa i si tid(På engelsk): Aust er aust og vest er vest og aldri skal dei to møtast. Det kan vere min kommentar.
NB: Ballettbildet er ikkje frå framsyninga i går.

3 kommentarer:

Olaug sa...

I MGP fekk eg berre sjå til Noreg var ferdig men det gjorde ingenting for meg, for eg sovna med ein gong eg lagg med ned i senga mi..

solveig sa...

Det brukar å vere høg kvalitet på framsyningane her også. Olaug har vore med på 2. Fedrar derimot, det har vi ikkje sett her, ikkje gutar heller. Det har vel med lærarane å gjere?

LilleMø sa...

Var på revisjon i Ålesund tysdag denne veka. Då hadde eg med meg ein observatør frå meieriet i Ørsta. Han hadde gått i klasse med Solveig på barneskulen... Verda er ikkje så veldig stor:-)

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...