torsdag, mai 22, 2008

Ei perle av ei bok !

I dag var eg på biblioteket og lånte tre nye lydbøker.Eg finn alltid eit kvart eg ikkje har lese før.Men eg hadde ei bok att frå sist eg lånte. Den såg ikkje så spennande ut, men sidan den berre var på 4 plater, tenkte eg at eg kunne no lese den....Det var ei fransk bok, omsett til nynorsk og fabelaktig lesen på noko som eg meiner må vere tilnærma Hardanger-dialekt.
Den er noko heilt ut om det vanlege.Les "vaskeseddelen".

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ei papirbok av same forfattar eg skal begynne på tysdag dersom det vert fredeleg å vere tentamensvakt.
Ein kollega av meg er heilfrelst!

Besta sa...

Er det den same veninna som likar japansk litteratur? Så har vi same smak. Har ho/ du lese Kafka på stranden, forresten?

solveig sa...

Dette er systra til han du hadde besøk av i dag. Det er bibliotekaren som likar japansk litteratur. Henne skal eg snakke med i dag.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...