lørdag, mai 10, 2008

Apropos dikt......

Solveig siterer eit dikt på bloggen sin, det om erter i nasen.Eg har sansen for slike små finurlige betrakningar og set inn eit til i same "gate". Nokon som kjenner seg att?
Moralen må vel vere at ein aldri fortel ungar kva dei IKKJE må gjere- med mindre det er for å lokke dei til å gjere akkurat det. Det er det Rasmus kallar "negativ barneoppdragelse"-og den virkar!
For uvande blogglesarar må eg minne om at ein får større bilde ved å klikke på dei små.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser at mi utgåve etter hukommelsen, er noko kortare. Men oppførselen dukkar opp i ungdomsskulen av og til.
I mitt fag må ein av og til kome med åtvaringar. Sjølvsagt kan ein forske på dreping av gjær m.m.
Vert det eggedosos om vi brukar vispane vi piska krem med? Av og til er formaningar på sin plass, meiner no eg. Det kan bli for pedagogisk.
Men småungar kan ein "lure"!

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine bilder frå Solund! Sikkert ein idyllisk plass! Ha ei fin pinsehelg!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...