lørdag, april 19, 2008
Vårklippen
I dag skulle Margrete og alle ungane klippast i Volda. Sidan Lars var på jobb, stilte besteforeldra opp som assistentar. Eg veit ikkje om det var så nødvendig, for dei er flinke å ordne seg sjølve.Men det er noko anna å gå til frisør no enn den tid eg følgde bror min til Rotihaug i Hola og venta mens han var "snauda". No er det TV og bilstol og til slutt får borna velje seg ein fargeklatt i det ferdig "staila" håret.Ja, det er no berre minstemann som får slik sørvis.Som mot-yting fekk frisøren eit kurs i korleis ho kunne gå inn på Google og finne Thomas-toget der.Og så var det varm sjokoladedrikk mens han venta på søskena.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 8.juli
Det finaste i hagen min akkurat no er desse raude peonane. Klokka er no 18.51, temperaturen ute er + 16 grader C, de...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
4 kommentarer:
Eg syntest det var god hjelp. Ikkje alltid så lett å halde styring frå frisørstolen, og det hadde sikkert blitt meir masing viss de ikkje var der. Så: takk!
Og så vart han fin!
Alle var samde om at dei hadde blitt fine på håret, og eg var blid fordi eg fekk lærlingpris på nokre av dei.
Her hadde vi familieklipp til påske, d.v.s. her klipper ein seg først, og så kjem resten etter. T.o.m Olaug bestiller til seg sjølv. Ein gløymer fort kor mykje styr det var før.
Legg inn en kommentar