mandag, april 14, 2008

Sommaren 1958.

Våren 1958 var eg russ,og om hausten skulle eg begynne som lærar på skulen i Trovåg. Eg hadde ikkje eit raudt øre, men i påvente av den første lærarlønninga mi, lånte eg pengar med mamma og kjøpte ein blå Kurer reiseradio.Det var stas!!! Om kveldane den sommaren sat veninnene mine og eg ofte på rommet mitt og høyrde på Radio Luxemburg. Den største slageren denne sommaren var Love letters in the sand med Pat Boone.
Det var sikkert mange rare tankar som for gjennom hovuda våre den gongen for snart 50 år sidan;draumar og ønske for framtida.No har vi fått fasiten på det meste.
Eg lova at eg ikkje skulle legge inn fleire songar på ei stund, men sidan S.ofte oppmodar meg om å skrive om fortida, så har eg ei unnskyldning.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det er no heilt valfritt om ein vi gå inn på filene eller ikkje! Det er berre å stå på! Ein finn nye og artige ting så lenge ein søkjer!

Anonym sa...

Artig med litt mimring. Bildet frå 1956 stod forresten i Fjordabladet si laurdagsavis, skal ta vare på avisa for deg. Eidabesta

Besta sa...

Det er no litt artig med slike gamle bilde og minna som høyrer med. Du kan tru vi var bra i 100 den dagen!Det var ikkje eg som torde å spørje kjendisane om bildet, tippar det var Tutta.Kika litt på nettet om eg fann noko frå Fjordabladet der, men dei legg vel ikkje ut heile avisa?

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...