lørdag, april 05, 2008

Ny sveis.


Sidan Margrete har skrive så mykje om turen til Solund, får eg fortelje litt om eit anna storhende i familien.
Minsteguten har vore til frisør! Babyen er plutselig blitt stor gut!Han vart så forandra at det var så vidt eg kjende han att. Han blir meir og meir lik storebroren, trur eg.
Den 2. mai fyller han to år.

3 kommentarer:

ariel sa...

Han er i alle fall fin!

Anonym sa...

Ein nydeleg gut, skjønar godt at du er stolt av han. Både artig å trist at han bur i Kongsberg, men så har de no ei unnskyldning for å ta dykk ein tur av og til. Kanskje de skulle hatt dykk ei hytte i området? I går låg eg heilt utslått i influensa, har vore slapp nokre dagar, så det kom ikkje uventa. Betre i dag. I morgon skal farmor og mormor på bestemortreff i Henning sin barnehage. Det blir sikkert kjekt. Eg har vore der og henta han nokre gonger, så eg kjenner nokre av personalet. Eidabesta

Besta sa...

Du er heldig som har barnebarna så nær. No skal eg ikkje klage heller, dei fleste er innafor rekkevidde.Men Kongsberggutane er FOR langt borte.Skulle gjerne vore på bestemorstreff der nede. Til gjengjeld er vi mykje i lag når vi først treffast,men så blir dei så altfor fort store.
Dei to eldste er no i London og Berlin!Håper du kjem deg fort av influensa!

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...