søndag, april 13, 2008

Enda ein song.

Sat og leika meg litt på You Tube og kom over denne versjonen av Danny Boy, sunge av den då ca 10 år gamle Declan Galbraith.
Det er noko av det råaste eg har høyrt. Måtte høyre nokre nyare innspelingar med same guten. Der er han meir skolert og syng framleis fint.Men denne er absolutt favoritten min.
Då eg gjekk på lærarskulen, lærte vi denne melodien, men med ein annan tekst.Då heitte den Londonderry Air. Eg har sjekka at det er den same melodien, men veit ikkje kvifor den har to ulike titlar, og kva for ein tekst som er eldst.
No lovar eg å ikkje legge inn fleire songar på ei stund! Trur eg.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Nydeleg melodi, hugsar vi hadde den på reportoaret i Hjelle songlag. Vart også spelt i gravferda til far (med horn som komp.)
Eidabesta

Besta sa...

Nesten alle dei mest kjende songerane har denne på repertoaret. Jim Reeves t.d. . Versjonen hans fell sikkert også i smak for vår aldersgruppe.Men denne vesle guten fall eg for!

solveig sa...

korfor skal du slutte å legge inn på sånga ??
olaug

Olaug sa...

Ronald syng denne også på nynorsk!

Olaug sa...

Litt stokka identitetar her.....

arieldog sa...

Eg har òg vore innom YouTube og høyrt på denne guten, som har nokre nydelege svisker på repertoaret. Likte derimot ikkje hans versjon av "Sailing" og "Vincent (Starry starry night)" der originalane framleis er best. Claptons "Tears in Heaven" var heller ikkje så bra. Men guten syng nyyydeleg!

Besta sa...

Det har sin pris å synge gamle svisker.Som oftast er originalen best.Men eg synest det er kjekt å høyre same songen tolka av ulike artistar, så kan ein velje seg ein favoritt.Har du fått bildeserien om Vincent og Starry starry night frå meg?

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...