søndag, mars 02, 2008

Endelig gjennom tunnelen.


Etter å ha skrive side opp og side ned om det nye Eiksundsambandet,har eg endelig vore gjennom verdens djupaste undersjøiske tunnel. Tunnelen var fin, han, men veldig lang etter min smak.Sjølv om han var godt opplyst heile vegen, fekk eg litt av den same klaustrofobiske kjensla som eg har t.d. om bord i fly.Men det gikk bra, til tross for at eg fekk eit lite sjokk då det kom ein vassdrope på frontruta midt inne i tunnelen! Vi hadde ein fin dag på Hareid med alt for mykje god mat, som vanleg.
Underhaldning fekk vi også då Olaug tok fram klarinetten og spela ein song til oss. Ho var flink! Sjølv har ho mest lyst å spele saksofon, men då må ho bli litt lengre både i armar og bein først.
Gutane såg vi ikkje så mykje til anna enn ved måltida, dei har så mykje anna på gang.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Eg måtte le høgt då eg las om den lille vassdropen. Synest eg ser situasjonen føre meg! Eg likar heller ikkje lange tunellar, og når tunellen i tilegg går under sjøen...hmm. Morosam moblihistorie også. Eg kjenner meg igjen i det med glansbildeframstilling på bloggen. Det blir litt sånn med meg og.... Hilde

Elin sa...

Det er ikkje storleiken det kjem an på, veit du ikkje det? Her i bygda er ein liten tass som spelar saksofon, og han er kjempeflink...
Undersjøiske tunellar blir vel ein vane det og...trur det er betre enn den lange, oversjøiske du veit i Aurland!

Besta sa...

Tunnelar er liksom ikkje det eg likar best-særleg synest eg dei no ganske gamle Strynefjelltunnelane er skumle.Tenk for eit framsteg det var då vi fekk dei! Lærdalstunnelen til Aurland er vel Europas lengste? Og ja, vi har kjørt gjennom den også. Den er 24 km lang, mot Eiksundstunnelens 8 km.
Tunneleksperten.

arieldog sa...

Saksofon er eit fantastisk instrument, men det kan vere greitt å begynne med noko anna. Her er det i alle fall vanleg at dei begynner på "basis"-instrument og deretter plasserer seg på andre instrument dersom det trengst i korpset. I begynte på kornett og spelar no baryton, L begynte med tuba og spelar no trommer...?

Besta sa...

Litt usikker på den karrieren til L. Har den gått fram eller tilbake?
Det er visst ganske greitt å gå over frå klarinett til saksofon,trur eg. I alle fall var O. flink å spele.Dei gode lærebøker og andre hjelpemiddel som ein ikkje hadde før. Det er bra!!!

solveig sa...

Det med CD-ar til å lytte og spele saman med er ein flott måte å lære melodiar og rytme på, etter min vesle forstand på musikk. Elles har ho ein svært flink lærar. Ei ung dame som heilter Susann. Ho skriv oppmuntrande ord i boka og limer stjerner og andre klistremerke i tillegg. Ho forstår seg med andre ord på "rosa" jenter. Olaug kjem lett og glad heim att og øver mykje. Eg har bestemt meg for å gje henne eit kort til sommaren med hyggelege ord!

arieldog sa...

Trur karrieren til L har noko med kondis å gjere. Dårleg sådan.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...