tirsdag, mars 04, 2008

Flinke jenter.


Av dei 10 barnebarna våre er berre tre jenter. Men for nokre flinke, kjekke jenter! Ikkje berre spelar og dansar dei, men syr til og med.Desse talenta har dei i alle fall ikkje arva etter mormora. Eg har laga ei eiga lov som gjeld alle bestemødrer: Det er lov å skryte heilt uhemma av barnebarn!

Denne puta fekk eg med Olaug på søndag, ho har sydd den sjølv på den vesle symaskina ho fekk til jul! Ho kjenner nok mormora sitt store putebehov!!

10 kommentarer:

Anonym sa...

Enig med deg når det gjeld skryt frå besteforeldre, men som tidlegare coach/leiar, lærde eg at ein skulle gje ros først og så kome med velmeinande råd (kritikk) viss nødvendig, etterpå. Ja,ja - nok om det. Ein ting er sikkert, puter får ein aldri nok av og denne var kjempefin. Det ser ut til at Olaug kan spele på fleire strengar!
Eidabesta

Besta sa...

Det som gjeld for ein leiar gjeld også for ein lærar. Generelt sett roser ein vel for lite, men der må vere ein samanheng mellom prestasjonen og tilbakemeldiga.Alle treng gode råd for å komme vidare.

arieldog sa...

Som mor har eg ofte irritert meg over lærarar som synest alt er "flott" (for ikkje å seie "flått", slik ex-norsklæraren til eldstejenta skreiv...). Som lærar prøver eg alltid å finne eit konkret tips til betring når eg skriv kommentarar på stilar o.l. Å gi overstrøymande ros i eit klasserom fullt av tenåringar kan ofte verke mot si hensikt, så det vel eg å gjere skriftleg til kvar einskild. Då kan dei velje om dei vil vise det til andre eller "gøyme det i hjartet sitt". Alle treng vel ros, uansett alder. Olaug er flink å sy! Besta og Eidabesta er gode bestemødrer/mødrer!(vil dei ha konkrete forslag til betring, må dei berre seie ifrå...)

Besta sa...

Vi har vel alle eit forbetrings-potensiale, men ikkje alle kan gjere sitt beste heile tida.
Ein elev eg hadde klaga på at det alltid kom eit MEN etter dei rosande kommentarane eg skreiv under arbeida hans.Det tok eg lærdom av.

Anonym sa...

Artig diskusjon, ros og ris er nok veldig aktuelt i læraryrket også. Enig med M at terskelen for ros kanskje ligg litt lavt no til dags, spesielt i forhold til korleis vi hadde det på skulen og heime i gamle dagar. Det eg lærde i mitt yrke, var at ein måtte prøve å få "eleven" (seljaren) til å seie sjølv/kome med eigne forslag til forbetringar. Då ville han få "eigarskap" til nye mål/forbetringar. Eidabesta

Besta sa...

Eg er samd både med Eidabesta og Margrete.
Men viss ein får ros i begynnerfasen på eit prosjekt t.d. får ein meir mot til å gå vidare. Døme: Eg vart ikkje flink i handarbeid av å sprette av og sy på same pysjamaserma 6 gonger!

arieldog sa...

Det er det eg meiner med å finne eitt konkret tips til betring, og å hjelpe folk på det nivået dei er. Men det gjeld ikkje alltid - ikkje viss nokon har teikna eit fint morsdagskort, til dømes, eller har dansa på ein elevfest, og ser seg ferdig med prosessen. Då er det lov å skryte uhemma, men utan å lyge...

STRIKKEMOR(O) sa...

Ros er bra, men må vere fortent! Ein kan som regel alltid finne noko som er bra. Flott diskusjonsforum dette her! :-)

STRIKKEMOR(O) sa...

Puta ser fin ut, eg trur Olaug blir ei lappedame!

solveig sa...

Ein av dei yngre kollegaene mine hadde vore på kurs og lært at det ein fokuserer på får ein meir av. Keiserens nye klær kanskje, men. Eg har tru på å vise/stille krav, øve og rose. Eg har vorte mykje flinkare å rose med åra, og ser at elevane veks på det. Kanskje bestemødre er komne på høgste nivå?

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...