søndag, januar 20, 2008

Nyttårsforsett.

Då eg tok norsk grunnfag skuleåret 1985 /-86 las vi m.a. Dalen Portland av Kjartan Fløgstad og hadde den på pensumlista.Ikkje alt i den boka er like realistisk, det vart t.d. antyda at menneska sjølve var med på å "skape" ver og klima. Noko som ikkje var dokumentert for 20 år sidan. No veit vi noko anna, og ingen av oss trur vel lenger på at klimaendringane er "naturlege"- eg har lært at normale klimaendringar går så sakte at ein knapt ville registrere det i eit menneskeliv.
Ingen av oss er vel upåvirka av det som skjer i naturen, men eg kjenner meg nokså hjelpelaus når det gjeld å gjere noko med det. Likevel er planen min for det nye året å gjere det vesle eg kan for natur og miljø. Boss-sortering har vi drive med i mange år; alt organisk avfall går i kompostkassa og blir god gjødsel til blomsterbeda, papir og plast blir sortert ut, boksar og glas blir fylt i iglooar osb.Det er vel slikt som dei fleste gjer. Vidare skal vi seie nei takk til reklame i posten; er det noko vi er interessert i kan vi søke på nettet eller gå til butikken. Vi brukar ei stor nylonveske når vi handlar mat, får nok plastposar likevel. Prøver å fylle opp oppvaskmaskina skikkelig før eg set den på, og gjer det same med klesvaskemaskina. Tørkar klede ute i staden for i trommelen så sant det let seg gjere. Vi vil ikkje sitte inne og fryse, der går grensa, men vi treng ikkje å varme opp heile huset når vi er berre to. Sparepærer i dei fleste lampar er eit must.Varmepumpe har vi skaffa oss, og i tillegg til den fyrer vi med ved.
Dette er noko av det vi prøver å gjere for å spare energi, men vi kan sikkert gjere mykje meir. Tek imot alle tips med takk!
No er eg klar over at vi har god tid, og at ikkje travle småbarnsforeldre i full jobb kan gjere det same som vi. Men oppmodinga mi er at alle må ta miljøsituasjonen på alvor og ikkje berre "tenke litt på det", son Kongen sa i eit intervju.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg er litt for glad i reklame til å seie nei takk til det, men eg skulle ønske alle gjorde som Coop og Lidl, dei sender det ut på e-post. I fjor kjøpte eg meg ein del drivkvite handdukar for å kunne fylle opp vaskemaskina litt oftare med kvite klede. Eg har stor 7 kg maskin og det er derfor ekstra sløsing å sette den på med lite oppi. Til jul kjøpte eg kvite dukar og elles har eg kjøpt ein del kvite stretchlaken.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...