mandag, januar 21, 2008

Første steg.


I dag har Nils vore på posthuset og fått ein lapp til å lime på postkassa. Denne lappen hindrar at vi får uadressert reklame i kassa. Det vil seie, så enkelt er det ikkje. Dette gjeld berre reklamebrosjyrar som posten distribuerer, ikkje den som private firma køyrer rundt med sjølve.
Er det nokon som veit kva vi kan gjere for å sleppe å få den? Held det å lage "plakat" sjølve ?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Vi har hatt denne ordninga lenge, kanskje ti år. Det er svært sjeldan vi får noko reklame som andre enn postverket køyrer rundt med, så eg synest ikkje det er noko problem. Når svigerforeldrene mine er vekke på ferie og vi hentar posten deira, kastar eg meg over reklamen dei fyrste dagane, men blir fort lei. Mykje betre å kjøpe det ein har bruk for når ein har bruk for det. Viss butikkane har spesielle tilbod, blir det gjerne annonsert i lokalavisa og. Hilde

solveig sa...

Dei som går rundt med reklame, bør no forstå hintet. Ein av våre naboar har fått ein lapp der hann takkar nei til alt unntatt Biltema.

Besta sa...

Har problem med å skrive kommentarar på bloggen, men prøver igjen om dette virkar.

Besta sa...

Jamen kjem ho seg, maskina, etter angrepet.
Vi greier oss godt utan reklamen i postkassa,og lokalavisene kan godt få litt ekstra annonsepengar, dei brukar ikkje så mykje papir på det. Kven er det som betaler all reklamen til sjuande og sist?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...